Høyring - forslag til endringar i regelverket for sjukepengar og stønad ved barns sjukdom (folketrygdlova kapittel 8 og 9)
Høring | Dato: 30.05.2025 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Kapittel 8 i folketrygdlova gir føresegn om rett til sjukepengar ved arbeidsuførleik på grunn av sjukdom eller skade. Departementet foreslår ei endring i reglane for sjukepengar: Frilansarar som midlertidig er utan arbeid og som mottar sluttvederlag eller etterlønn, skal få rett til sjukepengar etter reglane som gjeld for inaktive personar, i inntil seks månader etter siste oppdrag. Det vil vere i samsvar med reglane som gjeld for arbeidstakarar som mottar sluttvederlag eller etterlønn. I dag har frilansarar berre rett til sjukepengar i inntil éin månad etter siste oppdrag.
Kapittel 9 i folketrygdlova gir føresegn om rett til omsorgspengar (sjukt-barn-dagar), pleiepengar og opplæringspengar. Departementet foreslår å lovfeste at vedtak om utvida rett til omsorgspengar kan avgrensast i tid. Forslaget vil sikre at den utvida retten omfattar dei barna som fyller vilkåra over tid. I tillegg vil det gjere forvaltinga av ordninga enklare for Arbeids- og velferdsetaten.
Departementet foreslår vidare ei lovteknisk endring der reglane om gradering for pleiepengar og opplæringspengar blir samla i éi føresegn av pedagogiske omsyn og forenklingsomsyn. Som ein del av dette blir det foreslått å fjerne føresegna om at graderte pleiepengar skal målast opp mot ei arbeidsveke på 37,5 timar. Dette følger av forskrift i dag og treng ikkje stå i ny føresegn om gradering.
Departementet foreslår òg å regulere talet på personar som kan dele på 100 prosent pleiepengar. I dag er dette ikkje nærmare regulert, og praksis har vore ulik. Vidare blir det foreslått å presisere eit lovkrav om medisinsk dokumentasjon ved unntak frå gradering av pleiepengar ved nattevake og beredskap. Det bør komme fram av legeerklæringa om det er nødvendig med nattevake eller å vere i beredskap, og om dette er til hinder for at ein mottakar av pleiepengar kan arbeide når barnet likevel har tilsyn frå andre.
Departementet foreslår vidare endringar i føresegna om rett til opplæringspengar for å bringe lova i samsvar med praksis og dagens tenestilbod. Til slutt blir det foreslått å etablere ein heimel til å gi forskrifter som tydeleg og samla gjer greie for kva reglar i folketrygdlova kapittel 8 som skal gjelde for pleiepengar og opplæringspengar. Dette forslaget har eit pedagogisk formål.
Frist for å sende inn høyringssvar er 22. august 2025
Høyringar er opne, og alle kan sende svar til oss. Vi gjer merksam på at høyringssvar er offentlege etter offentleglova, og vil bli publiserte saman med andre høyringssvar. Vi ber om at høyringssvar blir sendt inn digitalt ved å bruke skjemaet for høyringssvar på regjeringen.no.
Med helsing
Stine Frøyland
avdelingsdirektør Cecilie Ringnes
seniorrådgjevar
Departementene
Akademikerne
Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening (AAF)
Arbeids- og velferdsdirektoratet
Arbeidsforskningsinstituttet (AFI)
Arbeidsgiverforeningen Spekter
Arbeidssamvirkenes Landsforening (ASVL)
Arbeidstilsynet
Autismeforeningen i Norge
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet
Barnekreftforeningen
Barneombudet
Cerebral Parese-foreningen (CP-foreningen)
Datatilsynet
De regionale helseforetakene
Den norske advokatforening
Den norske jordmorforening
Den norske legeforening
Epilepsiforbundet
Fagforbundet
Fellesorganisasjonen
Finans Norge
Foreningen for hjertesyke barn
Forskningsstiftelsen Fafo
Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser
Frambu kompetansesenter for sjeldne diagnoser
Frischsenteret
Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO)
FØL Norge - For Økt Levestandard
Handikappede Barns Foreldreforening
Helsedirektoratet
Institutt for samfunnsforskning
Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi)
Juridisk Rådgivning for Kvinner (JURK)
Juristforbundet
Juss-Buss
Jussformidlingen
Jusshjelpa i Nord-Norge
Kommunal Landspensjonskasse (KLP)
Kommunene
Kreftforeningen
KS – Kommunesektorens organisasjon
Landsorganisasjonen i Norge (LO)
Likestillings- og diskrimineringsombudet
LO-Kommune
LO-stat
Løvemammaene
ME-foreningen
Nasjonal kompetansetjeneste for sjeldne diagnoser (OUS)
Nasjonalforeningen for folkehelsen
Norges Handikapforbund
Norges Kvinne- og Familieforbund
Norsk Barnelegeforening
Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU)
Norsk NCL-forening (tidligere Norsk Spielmeyer-Vogt Forening)
Norsk Psykologforening
Norsk senter for menneskerettigheter
Norsk Sykepleierforbund (NSF)
Norsk Tjenestemannslag (NTL)
Norsk Tourette Forening
Sanitetskvinnene
Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO)
Organisasjonen For Uføres Rettigheter
Pasient- og brukerombudet
Personskadeforbundet LTN
Personvernkommisjonen
Pårørendealliansen
Regjeringsadvokaten
Revmatikerforbundet
Ryggmargsbrokk- og hydrocephalusforeningen (RH-foreningen)
Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner (SAFO)
Sametinget
Samfunnsøkonomene
Sivilombudet
SMB Norge
Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI)
Helsetilsynet
Statens pensjonskasse
Statistisk sentralbyrå (SSB)
Statlige høgskoler
Statsforvalterne
Trygderetten
Unio
Universitetene
Virke
Yrkesorganisasjonenes sentralforbund (YS)
AAP-aksjonen