Ny utgåve av EU/EØS-handboka

Utanriksdepartementet gir ut ei ny utgåve av EU/EØS-handboka. 2025-utgåva gir ei oppdatert oversikt over institusjonar og avgjerdsprosessar i EU og EØS.

Bilde av EU/EØS-håndboken
Foto: Mathias Rongved/UD

Formålet med handboka er å gjere det enklare å manøvrere i avgjerdsprosessen i EU og EØS. EØS-avtalen er Noregs viktigaste og mest omfattande internasjonale avtale. Avtalen gjer Noreg, Island og Liechtenstein til del av EUs indre marknad, og sikrar like rettar for norske bedrifter i det som er vår største eksportmarknad.

Men EØS-avtalen er òg mykje meir ein handelsavtale. Den sikrar ikkje minst moglegheita for norske innbyggjarar til å studere, arbeide og etablere seg fritt i 29 andre EØS-land.

Noreg har òg ei rekkje andre avtalar med EU, som Schengen-tilknytingsavtalen. I 2024 inngjekk Noreg òg ein strategisk partnarskapsavtale med EU på det forsvars- og tryggingspolitiske området.

Utgreiinga om Noregs erfaringar med EØS peika på behovet for å auke kunnskapen om EU og EØS i det norske samfunnet. EØS-utgreiinga peika òg på eit stort behov for å styrkje EU/EØS-kompetansen i departement og underliggjande etatar. Leiarar og medarbeidarar i departement og etatar som har ansvar for EU- og EØS-saker er ei viktig målgruppe for handboka, men ho vil òg vere nyttig for akademia, næringsliv, organisasjonar og andre med interesse for EU og EØS.

Handboka gir ei oversikt over institusjonar og avgjerdsprosessar i EU, EØS-samarbeidet og Schengen-samarbeidet. Den gir òg ei oversikt over Noregs tilknyting til EUs utanriks- og tryggingspolitikk, og EUs avgjerdsprosedyrar på dette området. 

EU/EØS-handboka blei gitt ut første gong i 1997. Sidan har ho vore revidert jamleg i samband med traktatreformer i EU og endringar i avtaleverket vårt med EU. 2025-utgåva er den første sidan 2016. Handboka kan lesast digitalt. Den kan òg bestillast frå Publikasjoner.dep.no.