Revidert nasjonalbudsjett

Norgespris på straum og fjernvarme

Regjeringa foreslår å løyve 1 265 millionar kroner til Norgespris på straum og fjernvarme for hushald i 2025. Planen er at ordninga skal innførast frå 1. oktober 2025.

– Norgespris er eit viktig grep for at folk i heile landet skal kunne velje å ha meir føreseielege straumutgifter i ei tid med svingande og tidvis svært høge straumprisar. Samanlikna med dagens straumstønadsordning vil Norgespris gjere det meir føreseieleg kva folk skal betale for straumen, uavhengig av kvar dei bur i landet. Samtidig tek me fjernvarme inn i ordninga. Det å likebehandle fjernvarmekundar og straumkundar er viktig av omsyn til både fjernvarmekundane, straumnettet og fjernvarmeselskapa, seier energiminister Terje Aasland.

Norgespris er ei valfri, statleg finansiert ordning som inneber at hushalda blir avrekna mot ein fast pris per kilowattime. Norgespris omfattar bustader og fritidsbustader. Frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 foreslår regjeringa ein Norgespris på 40 øre per kilowattime ekskl. mva. For straum kjem kostnader til nettleige, avgifter og påslag frå kraftleverandøren i tillegg. For fjernvarme vil det også kome kostnader i tillegg. 

– Basert på langsiktige straumprisar henta ut i mars, viser berekningane våre at eit gjennomsnittleg hushald i Sørvest-Noreg (NO2) som veljer Norgespris vil få støtte på 5 200 kroner i 2026. Med straumstønadsordninga vil det same hushaldet få 2 050 kroner i støtte, seier Aasland.

Både Norgespris og dagens straumstønadsordning skal gjelde for forbruk opp til 4 000 kilowattimar per månad per målepunkt. Dei aller fleste hushalda har eit lågare månadleg forbruk enn 4 000 kilowattimar. 8,6 prosent av hushalda i Noreg hadde eit forbruk som var høgare enn 4 000 kilowattimer i éin eller fleire månader i 2024. For fritidsbustader skal Norgespris gjelde for forbruk opp til 1 000 kilowattimar per månad per målepunkt.

Regjeringa foreslår å løyve 1 265 millionar kroner til Norgespris for straum og fjernvarme for hushald i 2025. Meirkostnaden av å innføre Norgespris for straum samanlikna med å vidareføre kun straumstønadsordninga er berekna til 800 millionar kroner i 2025. Anslaget for 2025 er basert på eit overslag om at 60 prosent av hushalda i Sør-Noreg vil velje Norgespris for straum.

For 2026 anslår regjeringa eit behov for å løyve 6 970 millionar kroner til Norgespris på straum og fjernvarme. Det er viktig å understreke at det er stor usikkerheit om desse anslaga. I statsbudsjettet for 2026 vil regjeringa kome tilbake med forslag til løyving og oppdaterte anslag. Anslaget for 2026 er basert på eit overslag om at 70 prosent av hushalda i Sør-Noreg vil velje Norgespris for straum.

Hushald som brukar fjernvarme har i dag eit prisvern som tilsvarer straumstønadsordninga, men utan statleg finansiering. Regjeringa sitt forslag inneber at staten skal ta rekninga frå 1. oktober, slik at straumstønad til fjernvarmekundar ikkje går ut over fjernvarmeselskapa. Frå 1. oktober blir det i tillegg foreslått å innføre Norgespris for fjernvarmekundar. Både Norgespris og dagens straumstønadsordning skal gjelde for fjernvarmeforbruk opp til 3 500 kilowattimar per månad per hushald.

Regjeringa planlegg å legge fram eit lovforslag om ordningane for straum og fjernvarme før sommaren, og tek sikte på stortingsbehandling i midten av juni.