Legg fram lov om Norgespris på straum og fjernvarme

Regjeringa legg i dag fram forslag til lov om Norgespris på straum og fjernvarme. Norgespris skal gi folk føreseielege og rimelege prisar på straum og fjernvarme. Ordninga gjeld for hushald og fritidsbustader og skal etter planen innførast frå 1. oktober 2025.

– Regjeringa foreslår Noregspris på 40 øre per kilowattime eksklusiv meirverdiavgift for straum og fjernvarme, til både hushald og fritidsbustader. Ein stabil og føreseielege pris beskyttar folk mot svingande energiprisar uansett kvar i landet dei bur, seier energiminister Terje Aasland.

Forslaget om Norgespris inneber at hushalda står fritt til å velje den ordninga som passar best for dei. Dei som ikkje vel Norgespris for sin bustad, vil framleis få straumstønad.

Norgespris er ei valfri, statleg finansiert ordning som inneber at hushalda blir avrekna mot ein fast pris per kilowattime. Norgespris omfattar bustader og fritidsbustader. Frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026 foreslår regjeringa ein Norgespris på 40 øre per kilowattime ekskl. mva. For straum kjem kostnader til nettleige, avgifter og påslag frå kraftleverandøren i tillegg. For fjernvarme vil det også kome kostnader i tillegg. 

Nettselskapa, fjernvarmeselskapa og statlege myndigheiter vil gi informasjon om vilkår for ordninga og kva du må gjere for å velje Noregspris.

– Me ønskjer å gjere det lett for folk å setje seg inn i ordninga og velje det som passar best for dei. Norgespris skal vere enkel å forstå og enkel å bruke. Me foreslår at folk kan velje Norgespris når som helst i løpet av året, seier Aasland.

Frivillig å velje Norgespris
Lovforslaget legg opp til at dei lokale nettselskapa og fjernvarmeselskapa skal administrere ordninga. Hushald som ønskjer Norgespris, må aktivt inngå ein avtale med nettselskapet sitt når det gjeld straum og med fjernvarmeselskapet sitt når det gjeld fjernvarme.

Bindingstid og angrefrist
For avtalar som blir inngått i perioden frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026, vil det vere ei bindingstid ut 2026. Ein avtale om Norgespris på straum gjeld frå det tidspunktet avtalen blir inngått og fram til 31. desember same år. Ein avtale om Norgespris på fjernvarme gjeld frå den første dagen i påfølgjande månad. Dei første 14 dagane etter at du har inngått avtale om Norgespris vil det vere mogleg å kansellere avtalen.

Avtalen om Norgespris følgjer målepunktet. Dersom ein bustad med Norgespris byter eigar eller leigetakar, vil bustaden framleis vere bunden til Norgespris ut året.

Første justering frå 2027
Regjeringa legg opp til at den første justeringa av Norgespris skjer frå 1. januar 2027.

Når kan du inngå avtale om Norgespris?
Regjeringa tek sikte på at ordninga med Norgespris skal tre i kraft frå 1. oktober 2025, og målet er at folk kan inngå avtale om Norgespris i rimeleg tid før dette. Det vil kome god informasjon til kundane når systemet for å inngå avtale om Norgespris er klart.

Skal i første omgang gjelde ut 2029
Regjeringa foreslår at lov om Norgespris og straumstønadsordninga skal gjelde fram til 31. desember 2029. Ei eventuell forlenging av ordningane utover denne perioden skal vurderast i lys av situasjonen i kraftmarknaden, kva effekt ordningane har hatt, og behovet framover.