Kick-off for ny nasjonal strategi for økologisk jordbruk

Fredag 6. juni inviterte Landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen aktørane i verdikjeda for økologisk mat til «kick-off» av den nye nasjonale strategi for økologisk jordbruk.

Arrangementet vart halde i Landbruks- og matdepartementet med deltakarar frå heile verdikjeda for økologisk jordbruk.

Foto frå møtet
På møtet var det med representantar frå heile verdikjeda. Blant dei frammøtte var det produsentar, grossistar, matindustri, offentlege innkjøparar, forvalting, daglegvarekjedene og organisasjonar i landbruket. Foto: Landbruks- og matdepartementet

– Eg er glad for at vi fekk til eit «kick-off» med sentrale aktørar frå økologisk matproduksjon no før sommaren. Målet skal nåast innan 2032, det er derfor viktig at vi kjem i gang med arbeidet så fort som mogleg, seier landbruks- og matminister Nils Kristen Sandtrøen.

Nasjonal strategi for økologisk jordbruk (2025-2032), Fra økologisk jord til middagsbord, vart lansert 11. april på Bygdøy Kongsgård. I strategien føreslår regjeringa ti tiltak for å auke omsetnaden og produksjon av økologisk mat. Dette skal bidra å nå målet om 10 prosent av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2032, samstundes som det vert stimulert til auka omsetnad og etterspurnad i marknaden.

På møtet fremheva statsråden kor viktig det er å samarbeide for å nå målet. Aktørane fekk 3 minuttar kvar til å seie nokre ord om kva bedrita deira kan bidra med for å oppnå målet.

– Det er gledeleg å sjå så mykje engasjement for økologisk mat og jordbruk, og det var spennende å høyre kva aktørene sælve meiner at dei kan bidra med for å nå målet. Dei kom med positive tilbakemeldinger om å inngå ein intensjonsavtale, og eg ser fram til det vidare arbeidet.