Presseinvitasjon
Justis- og beredskapsministeren tar imot rapport frå studie om 25. juni-terroren
Pressemelding | Nr: 61 – 2025 | Dato: 16.06.2025 | Justis- og beredskapsdepartementet
Onsdag 18. juni 2025 tar justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap) imot forskingsrapporten frå 25. juni-studien.
25. juni-studien – Opplevelser og reaksjoner hos de direkte rammede etter terrorangrepet i Oslo 25. juni 2022 er gjennomført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS), på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet og i samarbeid med Støttegruppa 25. juni.
Forskingsleiar ved NKVTS Synne Øien Stensland vil kort presentere resultata frå studien før ho overleverer forskingsrapporten til justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen, som så vil seie nokon ord.
Deretter vil leiar i Støttegruppa 25. juni Espen Evjenth og leiar av Oslo Pride Dan Bjørke holde korte innlegg.
Det vil bli anledning til å gjere ein-til ein-intervjuar.
Stad: R6, Teatergata 9, 0180 Oslo
Tid: Klokka 10:30–11:30. Presse bes møte i god tid.
Påmelding: Innan tysdag 17. juni klokka 16.00 til kommunikasjonsrådgivar Magnus Buer på magnus.buer@jd.dep.no eller 994 80 456.
Hugs gyldig ID (Fysisk førarkort, pass eller nasjonalt ID-kort) og pressekort.
Pressekontakt NKVTS:
Senior kommunikasjonsrådgivar Runhild Grønlie
runhild.gronlie@nkvts.no
+47 922 46 404
Pressekontakt Støttegruppa 25. juni:
Kommunikasjonsrådgivar Tori Aarseth
tori@tjuefemtejuni.no
+47 906 97 609