Høyring om implementering av administrativ rettleiing i suppleringsskattelova

Finansdepartementet har i dag sendt på høyring eit framlegg til implementering av administrativ rettleiing i suppleringsskatteloven og suppleringsskatteforskriften. Lova av 12. januar 2024 gjennomfører internasjonalt omforente reglar om global minimumsbeskatning i Noreg. Reglane skal sikre at store konsern betaler minst 15 prosent skatt uavhengig av kvar dei opererer. Føremålet er å motverke overskotsflytting og skadeleg skattekonkurranse mellom land.

Regelverket om global minimumsbeskatning er utarbeidd av OECD og G20-landa sitt samarbeidsorgan, Inclusive Framework (IF). Regelverket består av modellreglar, som vart utgitt  i 2021, og av kommentarar og fleire administrative rettleiingar som har blitt utarbeidd i ettertid. Framlegget som no er sendt på høyring, inneber implementering av administrative rettleiingar av høvesvis juni 2024 og januar 2025.

I høyringsnotatet er det òg føreslått enkelte tekniske endringar som har karakter av å vere rettingar. Dei føreslåtte endringane vil bidra til å oppnå at dei norske suppleringsskattereglane samsvarar med modellregelverket og implementeringa av modellregelverket i andre land. Det er i hovudsak føreslått at endringane får verknad frå og med inntektsåret 2024.

Fristen for å sende inn høyringssvar er 4. august 2025.