Revidert nasjonalbudsjett

Høg produksjon gir store inntekter frå petroleumsverksemda

Verda har behov for store mengder olje og gass kvar dag. Dei siste åra har inntektene frå petroleumsverksemda vore på historisk høge nivå, og regjeringa forventar at inntektene held seg høge i 2025. I revidert nasjonalbudsjett anslår regjeringa at staten sin netto kontantstraum frå sektoren i år blir 698 milliardar kroner.

– Dei betydelege inntektene frå petroleumsverksemda bidrar til finansieringa av velferdsstaten. Inntektene er forventa å gi om lag 21 milliardar kroner auka handlingsrom i kvart framtidige budsjett. På den måten kjem dei store verdiane som blir skapt i næringa heile hele det norske samfunnet til gode, både no og i framtida, seier energiminister Terje Aasland.

Den samla petroleumsproduksjonen frå norsk kontinentalsokkel var i 2024 på om lag 241 millionar standardkubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar. Dette er det høgaste nivået sidan 2009. I 2024 var gassproduksjonen på det høgaste nivået nokosinne, med ein produksjon på om lag 124 milliardar Sm3.

I 2025 er produksjonen venta å bli om lag 3 prosent lågare enn i 2024. Som følge av høg utbyggingsaktivitet på sokkelen er det venta at olje- og gassproduksjonen vil vere stabil dei næraste åra etter 2025.

– Norsk petroleumsproduksjon er ein viktig bidragsytar til energisikkerheita i Europa. I 2024 hadde me rekordhøg gassproduksjon, noko som er særleg viktig for å sikre energiforsyninga til Europa. Me vil halde fram med å utvikle sektoren slik at me kan levere stabil energi til naboane våre og samtidig sikre arbeidsplassar, verdiskaping og statlege inntekter frå næringa, seier Aasland.

Framleis høgt aktivitetsnivå på norsk sokkel

Det er no eit høgt investeringsnivå i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen. Pågåande utbyggingsprosjekt bidrar til eit høgt aktivitetsnivå også i 2025. Investeringane i petroleumsverksemda blir anslått til 264 milliardar kroner i 2025.

– Petroleumsverksemda skaper store ringverknader på fastlandet. Rundt 200 000 sysselsette er direkte og indirekte knytt til næringa. Utbyggingane på kontinentalsokkelen gir arbeid til industribedrifter over heile landet. Ved å vidareutvikle næringa vil me også legge til rette for store ringverknader framover, seier Aasland.

Etter kvart som prosjekta blir ferdige, er det venta at investeringane blir reduserte i dei påfølgjande åra. Det er venta at reduksjonen blir spesielt markant for nye plattformer og produksjonsskip, som er særleg viktig for delar av verftsindustrien.

– Petroleumsverksemda spelar ei sentral rolle i norsk økonomi. Regjeringa legg til rette for vidare leiting, auka utvinning og utbygging av funn gjennom stabile og føreseielege rammevilkår. For at me skal lykkast er det viktig at selskapa utnyttar alle dei forretningsmoglegheitene som ligg i olje- og gassressursane våre også framover, seier Aasland.