Ny deponering av frøprøver i Svalbard Globale Frøkvelv
Nyheit | Dato: 04.06.2025 | Landbruks- og matdepartementet
Fjorten genbankar deponerer 11 206 frøprøver i Svalbard Globale Frøkvelv i løpet av denne veka.

Frøprøvene inneheld frø av grønsaker og andre avlingar som er viktige for kulturell identitet, ernæring og motstandskraft mot klimaendringar.
Det største arkivet for avlingsmangfald kjem no til å huse frøprøver av kulturelle ikon som spenner seg frå koreansk perilla og adzuki-bønner til nederlandske kål- og spinatsortar og den gamle beninske kornsorten fonio.
– Denne veka kjem tusenvis a nye frøprøver til å bli sende og transporterte inn i dei frosne fjella på den kalde og karrige øygruppa Svalbard, som berre ligg 1360 kilometer sør for Nordpolen. Det er viktig for verda å innsjå kor stor verdi desse frøa har for å hjelpe forskarar, oppdrettarar og bønder med å førebu avlingsproduksjonen vår på naturlege og menneskeskapte utfordringar, seier statssekretær Hanne Berit Brekken i Landbruks- og matdepartementet.
Den 67. deponeringa kjem i tillegg til dei over 1,3 millionar frøsamlingane som allereie finst i frøkvelvet. Frøkvelvet ligg djupt inne i den arktiske permafrosten på Spitsbergen. Det er den norske regjeringa, NordGen og Crop Trust som forvaltar det.
Det er Landbruks- og matdepartementet som administrerer Det globale frøkvelvet på Svalbard. I tillegg har departementet ansvar for drift, tryggleik og stønad. Statsbygg har fått rolla som hovudrådgjevar når det gjeld bygg og vedlikehald av frøkvelvet.
- Du kan lesa meir om frøkvelvet på: Landbruks- og matdepartementet
NordGen er genbanken til dei nordiske landa, og er også kunnskapssenter for genetiske ressursar. Som driftaren av Frøkvelvet, har NordGen ansvaret med å handtera frøa inne i Frøkvelvet, kommunisera med andre genbankar og å halda ved like ein open, allmenn database med informasjon om frøprøvene som ligg lagra i Frøkvelvet.
- Les meir hjå NordGen: NordGen
Crop Trust er ein internasjonal organisasjon som arbeider med å konservera avlingsmangfaldet og såleis verna den globale mat- og ernæringstryggleiken. Kjernen i Crop Trust er eit gåvefond som garanterer økonomisk stønad til genbankar over heile verda på lang sikt. Crop Trust stør Det globale frøkvelvet på Svalbard og koordinerer storskalaprosjekt over heile verda for å sikra avlingsmangfaldet og gjera det tilgjengeleg for bruk. Crop Trust er anerkjent som eit essensielt element i finansieringsstrategien til den internasjonale traktaten om plantegenetiske ressursar for mat og landbruk.
- Les meir hjå Crop Trust: www.croptrust.org
Seed deposits June 2025 |
Country |
Accessions |
Boxes |
Crops |
Austrian Agency for Health and Food Safety (AGES) |
Austria |
5 |
1 |
Barley, rye, soybean and poppy |
Laboratory of Genetics, Biotechnology and Seed Sciences (BOLD partner) |
Benin |
253 |
1 |
Pigeon pea, fonio, roselle and native melon (Melothria sphaerocarpa) |
Genetic Resources Research Institute, KALRO |
Kenya |
749 |
1 |
Pigeon pea, finger millet, pearl millet, sorghum, mung bean and cowpea |
ICARDA |
Lebanon |
2,707 |
7 |
170 species, a huge diversity of legume species related to chickpea, peavines (Lathyrus), lentils, alfalfa, clovers, vetches and peas |
Center for Genetic Resources (CGN, WUR) |
Netherlands |
716 |
1 |
62 species, cereals, vegetables, legumes, vegetable and potato wild relatives |
National Plant Genetic Resources Laboratory (BOLD partner) |
Philippines |
149 |
1 |
Pepper, tomato, eggplant and lima bean |
Plant Breeding and Acclimatization Institute |
Poland |
920 |
2 |
Mostly barley, rye and tomatoes |
National Agricultural and Food Centre |
Slovakia |
160 |
1 |
Barley, peavine (Lathyrus), lentils, beans, peas and wheat |
RDA, National Agrobiodiversity Center |
South Korea |
4,000 |
8 |
59 species/subspecies of maize, barley, Vigna, perilla, sesame, adlay millet (Coix), buckwheat and others |
Sveaskog |
Sweden |
8 |
1 |
Tree species (birch, spruce and pine) |
Warwick Genetic Resources Unit |
United Kingdom |
286 |
1 |
36 species of vegetables, mostly cabbages, carrot and lettuce |
Seed Savers Exchange |
USA |
25 |
1 |
16 species of vegetables and herbs |
Can Tho University (BOLD partner, new depositor) |
Vietnam |
1,000 |
2 |
Rice |
SPRGC |
Zambia |
228 |
3 |
Groundnut, finger millet, pearl millet, sorghum, cowpea and maize |
Totals |
11,206 |
31 |