Revidert nasjonalbudsjett

20 millionar meir for å lagre og sikre forskingsdata

Viktige forskingsdata og tidsseriar som er lagra på utanlandske datatenester står i fare for å bli borte. No tek regjeringa grep for å sikre lagring i Noreg.

– No er det stor uro for lagring og tilgang til viktige klima- og helsedata. Derfor prioriterer Arbeiderpartiet å auke kapasiteten for å lagre forskingsdata i Noreg, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).

Vil flytte viktige forskingsdata til Noreg

Det er stor utryggleik i forskingssektoren om lagring av forskingsdata. Dette gjeld særleg forskingsdata og tidsseriar om global helse og på klima- og miljøfeltet, men kan også vere aktuelt på ein rekke andre felt. I dag blir mykje data lagra i skytenester og serverar, mellom anna i USA. Å flytte data til Noreg krev auka lagringskapasitet.

Desse utfordringane kjem i tillegg til det generelle behovet for kontinuerleg utvikling og større lagringskapasitet. Derfor foreslår regjeringa å auke løyvinga til Sigma2 med 20,2 millionar kroner.

Sigma2 har det strategiske og operasjonelle ansvaret for den nasjonale e-infrastrukturen for berekningsvitskap (tungrekning) og lagring av vitskapelege data i Noreg.

Lagringsplass tilsvarande 60 gonger innhaldet i eit av verdas største bibliotek

Løyvinga er berekna å rekke til lagring av 4700 terrabyte for dei neste fem åra. Dette vil mellom anna kunne dekke lagring av klimadata frå USA som trengs for å bidra til FN sitt klimapanel.

Eit eksempel kan illustrere kor mykje lagringsplass 4700 terrabyte gir: Ei bok i rein tekst er på ca. 1MB. 4700 terrabyte tilsvarar plass til 4,7 milliardar bøker. Det er som å ha om lag 60 gonger innhaldet i heile Library of Congress.

Satsinga er del av grepa regjeringa tek for å sikre forsking og kunnskap i ei usikker verd: